Sol Heilo m/band på Haavebua

Arrangementsinformasjon
Default file 1494530317

Sol Heilo og det sju personar store bandet hennar vil underhalde lørdag 17. juni på Haavebua under Himmel & Hav-festivalen i Florø 

Namnet er kanskje ukjent for enkelte, men Solveig Heilo, som er det fulle namnet hennar, har vore ein av frontfigurane og grunnleggarar av suksessbandet Katzenjammer.Multi-instrumentalist
Heilo er kjend for allsidigheita si.  Ho er komponist, artist, musikar, musikkprodusent, arrangør, designer og kostymedesigner. Og ho trakterer så mange ulike instrument at lista kan gjere ein kvar svimmel: Trommer, trompet, bass, gitar, melodisk perkusjon, ukulele, domra, banjo, balalaika, zither, harpe, fløyte, piano, trekkspel, piano, munnspel  og mandolin, er nokre av instrumenta du kan vente å høyre når Sol frontar det sju personar store bandet sitt på Haavebua laurdagskvelden.

- Passar oss godt
Sol har også mange andre jern i elden musikalsk: Ho starta eit bandprosjekt med Unni Vilhelmsen for nokre år tilbake, og ho er også med i Magnus Grønneberg (CC Cowboys) sitt soloprosjektband.

Per Vidar Ottesen i rockeklubben seier dette om kvifor nettopp Sol Heilo blei booka til Himmel & Hav-helga:

- Vi i rockeklubben har alltid vore store Katzenjammer-fans. Men det har aldri lukkast oss å få dei til Florø. Dei er store i utlandet, s‘rleg i Tyskland, og turnerer mykje på kontinentet. No har Sol Heilo sitt soloprosjekt også tatt av der nede, så det var med naud og neppe vi fekk det til denne gongen også. Men no kjem ho, og med eit digert band og stort sceneoppsett, så dette gler vi oss til, seier Ottesen.

Alt ligger til rette for ei fantastisk musikalsk helg i Florø 16 og 17 juni 2017

hav
himmel
haavebua
florø
rockeklubb
solheilo
katzenjammer
festival
konsert
sildebord
quality
musikk